Tilsvar til vurdering
Dårlig opplevelse.
Var der nylig og fjerna fleire føflekkar på hals og mage. Det heile bar preg av hastverk. Eg fekk beskjed om å kle av meg og legga meg på benken så skulle legen komma inn. Mens eg venta stod døra vidåpen ut til resepsjonsområdet. Legen sa knapt fem ord til meg og eg følte meg meir som eit dyr enn ein pasient. Han kom inn og satte bedøvelse og bad meg vente litt til. Gjekk så ut og lot meg ligge der utildekka med døra åpen. Føflekkane blei så klipt av og svidd i full fart. Sjukepleiaren kleisa på nokre strips og sa eg kunne ta dei av dagen etter. Eine såret på halsen er no åpent, hissig og smertefullt. Kjem ikkje til å gå dit igjen.